torsdag 29. april 2010

Meir informasjon

Om du ser øvst i høgremargen på denne sida, så finn du to nye lenkjer - til "Lagsinformasjon" og "Dugnader".

På den første finn du informasjon om oss som er involvert, med telefonummer og epostadresser. På den andre står det om dugnadane som gjeld laget vårt. Det er viktig at du leser informasjonen på begge desse sidene.

Ta gjerne kontakt med oss om dokke lurer på noko, vil vere med å hjelpe til osv.

Kampoppsettet for miniserien er forøvrig snart klar, og det blir kampar relativt raskt. Les meir om miniserien her.

Til dei av dykk som lurte på om det gjekk an å få epost når sida her vert oppdatert; dessverre, det ser ikkje ut til at det går an. Om du har ein Google-brukar, kan du dog abonnere vha Google Reader.

Lars Ivar

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar